av Betti » lør 08.08.2015 9:49
Eg tinga ny macbook i går (Back to school) men gløymde å gå inn gjennom studenttorget, så derfor annulerte eg den første tinginga og la den inn på nytt. Då hadde Apple alt reservert pengane på kredittkortet mitt. Derfor går ikkje betalinga igjennom på tinging nummer to. Veit nokon kor lenge ein slik reservasjon ligg inne?
Eg kan forsåvidt overføre pengar til brukskontoen og betale dirkete, men eg likar best å bruke kredittkort til slike kjøp.
Der får eg igjen for å ikkje ta i mot maks kreditt frå banken;) Eg sparte forøvrig ikkje meir enn 400 kroner, men fekk delt opp leveringa slik at headsettet kjem før macen er leveringsklar. For å få rabatten måtte eg manuellt legge inn samme leveringsdato når eg ikkje logga inn gjennom utdanningsshoppen.